| Sokneprestene i Hol |
|
Her kommer det ei oversikt over "gamle" sokneprestar - frå Hol vart eige prestegjeld og fram til 1988.
Sitter du på informasjon som ikke er med her, vil vi gjerne at du sender oss noen ord.
|
| |
Lorentz Holtermann, 1870-1878 Han hadde tidlegare vore lærar ved Drammens latin- og realskule, Borgarskulen i Oslo og Nickelsens jenteskule i Oslo, 1863-70. Han måtte på mange måtar gjera eit nybrotsarbeid i Hol. Her fanst ikkje embetsmannsmiljø, her fanst ikkje embetsmannsgard. Han fekk arbeidet med å reise prestgarden på Nerolshaugen. Var og ei tid postopnar. Formann i skulekommisjonen og i fattigkommisjonen. I hans tid vart fyrste upptaket til å få serkilld kyrkje i Ustedalen gjort.
Han var gift med Julie Olstad frå Lillehammer. Dei hadde ingen born. Frå Hol flyttet dei til Skoger, der han var prest 1878-92, sidan i Vinger. Døde 1904. | |
Philip Wilhelm Nicoll Leganger, 1878-1885 Født 1842. Sønn av Hans Thiis Leganger og Anne Margrethe Stokkenæs. Han hadde tidlegare vore lærar på Røros høgre skule og stiftskapellan i Kristiansand bispedøme då han vart sokneprest i Hol.
Han fekk dei same tillitsyrke som Holtermann, vart formann i fattigkommisjonen og i skulekommisjonen. Då Leganger skulle reise, fekk han serleg takkord for den kloke måten han hadde styrt skulestellet på. Ved avskilsgudstenesta 1.sundag etter Trieining 1885 var det møtt fram mykje folk. Leganger tala etter messa frå kordøra og la folk på minnet det han serleg ville dei skulle arbeide mot for å få eit sedeleg og vakkert folkeliv: Brennevinsdrikkinga og "nattelaupinga".
Giftet seg 1890 med Nicoline Francisca Aas (f. 1841), som døde 1901. Giftet seg på nytt 18. mars 1904, med Eugenie Nicoline Jacobine Moe (f. 10 Sept 1858). Sonen, byråsjef, statsrådssekretær Nicolai F. Leganger, f.1874, var heile sitt liv sidan ein stor ven av barndomsbygda si, Hol.
Leganger var fyrste gongen gift med Nicoline Fransiska Aas, død 1901, andre gongen med Eugenie Jacobine Moe, forfattarinna Nina Moe Leganger.
Leganger var sidan sokneprest i Hurdalen, Skiptvedt og i Høland. Philip døde 1912. | |
Botolf B Gjeldaker, 1885 Utnemnd til sokneprest i Hol 1885, men døydde alt same året. Botolv Gjeldaker var utdanna seminarist før han reiste til Amerika. Han hadde også vore latinlærar nokre år. I Amerika var han først prest i Silver Lake i Iowa, og seinare i Lyle, Minnesota, der han også professor i dogmatikk ved Augsburg seminar i to år. Han tenestegjorde i den såkalla Konferentsen, som var ei felles dansk-norsk kyrkje. Den gjekk seinare inn i Den forenede kirke.
Kom so attende til Ål i 1882, merkt av sjukdom. Budde eit par år i Holmestrand, før han kom til Hol som sokneprest i 1885. Han leid og eit stort økonomisk tap etter at huset hans i Holmestrand brann, og miste ein gut han hadde teke til seg, so det var ein knekt mann som kom til Hol i 1885. Men han var kvikk og interessert då han kom, og tala um politikk og spørsmål som var uppe i tida, seier S. Reinton. I kyrkja var han berre ein gong, den dagen han vart innsett. Den 25.oktober døydde han.
Han gifta seg med Kirsten Holst frå Holmestrand i 1870. Ingen born. | |
Erling Grønland, 1885-86 Under sjukdomen til Gjeldaker styrde stiftskapellan Lars Oftedal kallet, og etterpå, til ny prest kunne bli utnemnd, personellkapellan Erling Grønland. Med sitt kunstnar og sin sans for segn og soge levde han seg djupt inn i Holsmiljøet på kort tid; serleg vart han godvener med Tor Villand.
Han vart seinare kapellan og sokneprest til Ullensaker, i Holmestrand, lærar på Eidsvoll folkehøgskule, prest i Oslo. Død 1930. | |
Olaf Olssen, 1886-1895 Olssen var født i Holmestrand i 1854. Etter utdannelsen hadde han flere lærestillinger, bl.a. som rektor ved Romerike amtskole, før han kom til Hol. Seinare var han prest i Gol (1895-1900), so til Sandsvær og Gran (1916-28).
Han hadde dei vanlege tillitsyrke, formann i skulekommisjonen og fattigkommisjonen, og ei tid i Hols samtalelag, eit slags "Hols vel" som gjorde upptaket til fleire nyttige ting for bygda. I hans tid vart Ustedalen kapell bygt. Han tok og litt del i det politiske livet. Han var ein stortalar, heiter det, og song so vakkert for altaret.
Han var gift fyrste gongen med Thora Marie Gulbrandsen, f. 1856, døde i Hol 1888. 3 born. Andre gongen med Henriette Sophie Hansen. 4 born. Nokre av borna har teke namnet Owe, andre Claudi.
Døde i Trondheim, Sør-Trøndelag. | |
Einar Kristian Høyer, 1895-1912 Einar Høyer vart født i 1868 i Grytten i Romsdal. Høyer var prest i Hol frå 1895 til 1912, i alt 17 år. Han kom til Hol frå Gol, der han var konstituert 1891-95, og flyttet frå Hol til Gol att, der han då var sokneprest 1912-22. Seinare vart han prest på Eidsvoll.
Både soknepresten og prestefrua, Anne Hedvig Høyer f.1868, levde seg djupt inn i Holstilhøva og vart glade i Hol og folka der, og dei var med i styre og stell, òg i ikkje-kyrkjeleg arbeid. Fru Høyer var til dømes ei tid formann i Hols hønsehaldsforening og han var i si tid formann i fattigstyret, skulestyret, i forlikskommisjonen, i byggjekomiteen for Hovet kapell. Einar Høyer heldt si avskilsmesse i august 1912. Av kyrkjelyden fekk han en trille og fullt køyreutstyr.
Sokneprest Einar Høyer og kona Anne giftet seg i 1895 og dei fekk borna Ellen, Marie og Kjell. Ho var med han heile tida i Hol. I 1927 giftet Einar Høyer seg med Anna Dahl, f. 1871. | |
Ole Narum, 1912-1920 Narum var født på Gol i 1878. Han var kapellan i Ullensaker då han vart utnemnd til sokneprest i Hol. Som halling var det lett for han å koma inn i tilhøva i Hol og vinne folket. Han var ein flink talar, interessert i misjonsarbeid og ungdomsarbeid. Han gjorde som dei andre mykje godt arbeid i skulestyre, fattigstyre og forliksråd. I hans tid vart upptaket gjort til ny kyrkje i Hol. Han var i Hol i 8 år!
Narum var gift med oversyster Fredrikke Berg. Ingen born.
Fra Hol reiste han til Halden der han var res.kapellan. Så ble han sokneprest i Drammen (Bragernes) i 1933.
1919-20 hadde Narum permisjon ei tid. I mea styrde sjømannsprest H.Hornmann kallet. Då Narum 12 juni 1920 vart utnemd til residerande kapellan i Halden, styrde stiftskapellan Nils Lie og tidlegare sokneprest til Ytterøy, Birger Janke, prestekallet til ny prest vart utnemnd 1921. | |
Eugen Eriksen, 1921-1931 Eugen Eriksen ble født i Kristiania 29. mars 1890 av foreldre lokomotivfører Anthon Andreas Eriksen og h. Lina Frederikke, f. Arnesen. Han ble student fra Hallings skole, Kristiania, 1910. I sin studietid vikarierte han ved forskjellige skoler i Kristiania. I 1916 tok han teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet og samme år den praktisk-teologiske prøve, hvoretter han ble ansatt som hjelpeprest i Sem. Her virket han i 5 år (1917-1921) og bodde på Barkåker. der han deltok meget i det kristelige ungdomsarbeide og misjonsarbeidet. I 1921 ble han utnevnt til sogneprest i Hol, hvorfra han i 1931 ble forflyttet som sogneprest til Idd.
Gjorde godt arbeid i alle dei tillitsyrke som vart lagde på han, som på dei andre prestane, i skulestyre, fattigstyre, og forliksråd. Da menighetsrådet i Hol ble til i 1922 var soknepresten formann. Han fekk arbeidet med å byggje nytt uthus i prestegarden, og var formann i byggjenemnda for den nye hovudkyrkja i Hol, som vart ferdig i hans tid.
Gift i Oslo 17. September 1918 med Gudrun Lydia Anderssen, datter av lærer, klokker Jul A. Anderssen og h. Pauline, f. Skulhus. Ingen barn.
Til ny sokneprest vart utnemnd, styrde stiftskapellan Egil Johnson og pastor Fladmark embetet. | |
Egil Fladmark, 1931-1947 Fladmark var født i 1906 og vart utnemnd til Hol 25.september 1931, og overtok same dagen. Han hadde før vore hjelpeprest ved Matteus kyrkjelyd i Oslo og konstituert sokneprest i Strømmen og Idd. I Hol var han i mange år formann i skulestyret og soknerådet. Likeins i fattigstyret o.a. Han gjorde mykje for at Holet og Geilo no har sine menighetshus. Han var også formann i Hol menighetsråd.
Fladmark giftet seg med Marie "Maia" Sofie Johnson f.1907, 21.mai 1930 i Oslo. 3 born. Han ble værende i Hol prestegjeld i 16 år. | |
Paul Skiaker, 1947-1964 Skiaker var født på Gran på Hadeland i 1904. Han skal ha æren for at Hol fikk sitt menighetsblad i 1948, Hol Menighetsblad. Skiaker var også lyriker, han har gitt ut diktsamling. Holsspillet, et underholdende spill med spørsmål fra Hol kommune, laget han også. Han var formann i menighetsrådet i Hol hele prestetiden sin her.
Skiaker var, i likhet med Høyer, sokneprest i Hol i 17 år! | |
Olav Tysnes, 1964-1973 Tysnes var født i 1926 på Romerike. Etter ti års virksomhet i Hol, ble han sokneprest i Ringsaker, feltprost i Forsvaret, og deretter prost i Follo prosti og sokneprest i Ås. Han drev en aktiv virksomhet både blant eldre og ungdom sammen med fru Ragnhild. | |
Harald Helberg, 1974-1988 Helberg var fra Rjukan og ble født i 1921. Han var gift med Gjertrud (f. Jakobsen) fra Egersund. Til Hol kom Helberg fra soknepresttjeneste i Ibestad i Troms. I 14 ½ år ble ekteparet i Hol. Han er den første sokneprest som ble her til nådd pensjonsalder. Bosatte seg på Kongsvinger etter endt tjeneste i Hol. Helberg døde i 2001. | |
Yngve Jørgen Sagedal, 1988-2000 Sagedal ble innsatt som sokneprest i Hol av daværende prost Asle Dingstad 9.oktober 1988.
Han er født i 1952 i Vennesla på Sørlandet. Til Hol kom han etter 8 års prestetjeneste i Sandefjord. Sammen med kona, Åse (f.Andersen), og barna, Ingvild Therese og Anders Jørgen, holdt han en åpen prestegård. Den var samlingssted for barnekor, konfirmanter, kvinneforening og bygdefolk ellers.
Yngve Jørgen Sagedal er nå kapellan i Tønsberg Domkirke. | |
Kilder: "Folk og fortid i Hol" (Bind II) Lars Reinton og Sigurd S. Reinton
"Festskrift for Ustedalen kapell-Geilo kyrkje 1890-1990"
Utvandrarseminar 1. og 2. oktober 1999 (Hallingdal folkemuseum)
"Bilete frå Hol" av Marit Karin Alsvik og Jan Alsvik. |
|
Oppdatert Mar 31, 2004 |
|