Velkommen dnk
Den norske kirke
Hol kommune
Fotogalleriet  ·  Dagens bibelord   ·  Tilbake til forsiden   Sep 09, 2010 

  Aktiviteter
Bullet1 Barn
Bullet1 Ungdom
Bullet1 Unge Voksne
Bullet1 Eldre
Bullet1 Trosopplæring
  Livets gang
Bullet1 Dåp
Bullet1 Konfirmasjon
Bullet1 Bryllup
Bullet1 Gravferd
  Administrasjon
Bullet1 Kirkekontoret
Bullet1 Ansatte
Bullet1 Fellesrådet
Bullet1 Menighetsråd
  Kirkene våre
Bullet1 Dagali kirke
Bullet1 Skurdalskyrkja
Bullet1 Geilo kyrkje
Bullet1 Hol kyrkje
Bullet1 Hovet kyrkje
Bullet1 Gamlekyrkja i Hol
  Det var tider det...
Bullet1 Prester
Bullet1 Frå bygd til bygd...
  Annet
 Kontakt oss
 Linker
 Min konto
 Logg ut
  Arkiv
Bullet1 2009
Bullet1 2008
Bullet1 2007
Bullet1 2006
Bullet1 2005
Bullet1 2004
Bullet1 2003
Bullet1 2002
  Fra Geilo Kulturkirke
 Under omarbeiding
 Spatakmesse på Bruhaugen
 Geilo Kirkefonds Givertjeneste
  Radio Hallingdal idag
  To hallinghestar til Norsk derby finale.
  Hol ungdomskole - ein av dei flottaste i landet?
  Forvaltingsplanen for Hallingskarvet godkjent.
  Gol Ap og Frp sa ja til riving. Riksantikvaren freda.

Sudndalen
Sudndalen var den minste av dei ”gamle” skolekretsane. I 1900 budde det berre 123 menneske i kretsen, og i 1946 hadde talet minka til 81.
Det jamne lagsarbeidet vart halde i gang utan særleg hjelp frå læraren. Ei tid i 1920-åra kom Anders T. Moen oppover frå Hovet og samla ungane til søndagsskole på skolehuset. Det same gjorde Halvor Hansehaug i 1940-åra.
Randi Holestøl
Randi Holestøl
Se originalbildet
Elles heldt Randi Holestøl søndagsskole i 1930- og 1940-åra. Saman med Sissel Mjelde dreiv ho også barneforeininga ”Sunlilja”, som var knytt til Santalmisjonen. Gurid Berg, fødd i 1920, minnest at det var i gang misjonsforeiningar for Det norske misjonsselskap og for Santalmisjonen. Under krigen vart det stifta ei ny foreining for Sjømannsmisjonen. Sokneprest Fladmark var ein varm talsmann for denne misjonsgreina og fekk i gang minst fem foreiningar spreidd utover i prestegjeldet.
Sudndølingane støtta opp om alle tiltak som kunne halde bygda saman. Dei arbeidde såleis lenge for eigen kyrkjestad. Det ønsket levde vidare etter at kyrkja i Hovet stod ferdig i 1910. Olav Kvanneberg stod i brodden for ei innsamling til ”kyrkje og forsamlingshus”. Det vart arrangert basarar med god oppslutning.
I 1929 kom Knut Helgesen Skaro heim ein tur frå Canada. Han hadde reist ut som ung og hadde bygd seg opp ein liten formue som farmar. Han var ugift og ville gjerne gi ei gåve til heimstaden. I alt gav han 5.000 dollar, som utgjorde 36.600 kroner i norske pengar. Det vart gitt gratis tomt til huset der Hallingskarvet hotell vart bygd seinare.
I 1943 sette Olav Kvanneberg på nytt i gang innsamling til forsamlingshus. Men heller ikkje denne gongen vart tanken fullført. I 1961 vart skolehuset ledig, og grenda vart einig om å bruke av amerikagåva og dei innsamla pengane til å sette huset i stand som ”grendehus”. Det er gudstjeneste i huset to gonger i året.

Oppdatert Jul 22, 2003

 Utskriftsvennlig side Utskriftsvennlig side