| Nord-Hovet |
|
Ungdomslagsleiarane i Nord-Hovet var kristeleg og kyrkjeleg interessert, men deltok lite i det pietistisk lekmannsarbeidet.
|
| |
| Det gjeld også Anders T. Moen som sokna til Nord-Hovet krets. Han kombinerte frilyndt ungdomsarbeid med engasjement i kyrkja. Han var såleis æresmedlem i ungdomslaget samtidig som han var søndagsskolelærer. I 1930- og 1940-åra var Halvor Hansehaug søndagsskolelærara. | |
| Det kristelege organisasjonsarbeidet stod sterkare i Sør-Hovet enn i kretsen i nord. Men også Nord-Hovet hadde si kvinneforeining for Det norske misjonsselskap, som dei fleste andre skolekretsane. I 1941 var Kristi Bry formann. Kari Moen dreiv barneforeining for Santalmisjonen, og Kari Hansehaug var formann i ei foreining for Misjon blant hjemløse. | |
| Signe Larsgard, som var ein aktiv lærar, dreiv eit kor for vaksne og eit barnekor. Songkoret for dei vaksne, vart skipa i 1923. Koret hadde deltakarar frå begge kretsane i Hovet. Indremisjonsleiarane i Hovet såg med ublide augo på at medlemmene i koret dansa på ungdomshuset om laurdagen og song i kyrkja søndag. | |
| Lærarinna kjende seg såleis ikkje heilt godteken av indremisjonsfolket. Men ho heldt orden på koret. Før songarane slapp inn i kyrkja, måtte dei avlegge ”pusteprøve” til dirigenten stod på kyrkjetroppa. Signe Larsgard heldt fast ved den grundtvigske tesen: ”Menneske først og Kristen så. Kun det er Livets Ordet”. Ho snakka om dette på dødsleiet. Endåtil Guds son måtte bli menneske for å forstå menneska, sa ho. |
|
Oppdatert Jul 22, 2003 |
|