Velkommen dnk
Den norske kirke
Hol kommune
Fotogalleriet  ·  Dagens bibelord   ·  Tilbake til forsiden   Sep 08, 2010 

  Aktiviteter
Bullet1 Barn
Bullet1 Ungdom
Bullet1 Unge Voksne
Bullet1 Eldre
Bullet1 Trosopplæring
  Livets gang
Bullet1 Dåp
Bullet1 Konfirmasjon
Bullet1 Bryllup
Bullet1 Gravferd
  Administrasjon
Bullet1 Kirkekontoret
Bullet1 Ansatte
Bullet1 Fellesrådet
Bullet1 Menighetsråd
  Kirkene våre
Bullet1 Dagali kirke
Bullet1 Skurdalskyrkja
Bullet1 Geilo kyrkje
Bullet1 Hol kyrkje
Bullet1 Hovet kyrkje
Bullet1 Gamlekyrkja i Hol
  Det var tider det...
Bullet1 Prester
Bullet1 Frå bygd til bygd...
  Annet
 Kontakt oss
 Linker
 Min konto
 Logg ut
  Arkiv
Bullet1 2009
Bullet1 2008
Bullet1 2007
Bullet1 2006
Bullet1 2005
Bullet1 2004
Bullet1 2003
Bullet1 2002
  Fra Geilo Kulturkirke
 Under omarbeiding
 Spatakmesse på Bruhaugen
 Geilo Kirkefonds Givertjeneste
  Radio Hallingdal idag
  Forvaltingsplanen for Hallingskarvet godkjent.
  Gol Ap og Frp sa ja til riving. Riksantikvaren freda.

Sør-Hovet
Kristeleg organisasjonsarbeid stod sterkt i Hovet, og særleg i Sør-Hovet.
Den religiøse rørsla kan førast attende til ein svensk lekpredikant som heitte Oscar Karlsen. Han verka i Hovet nokre år etter 1900. Med han kom ei religiøs vekking, som i følgje ein høvring sette bygda på hovudet.
Pionèrmisjonærar
To brør frå Nestegard, som begge heitte Ola, hadde reist til Kina som pionèrmisjonærar i Kinamisjonen endå før den tid. Ola den eldre reiste i 1888 og broren året etter. Ola deb eldre kom heim att ein tur i 1890, og skapte då ei vekking i heimbygda. Ola Torkelsgard, eller ”Kyrkjeluten” som han vart kalla, var ein av dei lokale leiarane. Han åtte også Søre Mørk. Der gav han bort eit jordstykke som var kalla ”misjonsstykket” og sette der opp eit kristeleg forsamlingshus, som må reknast som det første ”bedehuset” i Hol. Huset vart seinare selt til hytte og jordstykket ført attende til garden.
Då ungdomshuset vart bygd, brukte også dei kristelege organisjonane det til sine samlingar. Hovet fekk ikkje bedehus før 1959.
I 1908 besøkte redaktøren i ”Nu”, Andr. Mehlum ei forsamling på skolehuset i Sør-Hovet. Det var Pål Villand som inviterte han med.Mehlum likte ikkje heilt det han høyrde. Han tykte at emissær Holme ”svøpte Sjelene ind i en herrnhutisk Hvile i Forsoningen”, men la lita vekt på ”kristen Tugt og kristelig Adel”. Sokneprest Einar Høyer var til stades og sa ”noen hjertelige Ord til Avslutning”.
Christian Endeavor Societies i 1910
Christian Endeavor Societies i 1910
Se originalbildet
Sokneprest Høyer hadde året før teke initiativet til ei foreining av ”Christian Endeavor”. Dette var ein internasjonal pietistisk ungdomsorganisasjon med ein viss brodd mot det meir kulturopne KFUM og KFUK. Anders T. Moen var formann. Foreininga vart lagt ned kort tid etter at Høyer reiste frå Hol i 1912.
Hovet kyrkje 1910
Hovet kyrkje 1910
Se originalbildet
Anders T. Moen dreiv også søndagsskole. Han spela gitar til songen. I Sør-Hovet heldt Erik Villand søndagsskole. Han vart kalla for ”dalens hellige mann”, har Randi Holestøl fortalt. Han preika også i kyrkje i Hovet når det ikkje var preikesøndag der.
Nye generasjonar førte arbeidet vidare. I 1930-åra opplevde fleire bygder ei ny vekking, som gjorde at den aktive kristenflokken auka. I 1941 hadde Hovet misjonsforeiningar for Kinamisjon, Det norske misjonsselskap, Santalmisjonen, Sjømannsmisjonen og Indremisjonen. Indremisjonen dreiv også ei såkalla yngresforeining med Elling Hansehaug som leiar. Foreininga var felles for begge kretsane i Hovet.
Det var elles ei særskilt jenteforeining i Sør-Hovet for Misjon blant hjemløse og ei guteforeining for Santalmisjonen. Det var dessutan søndagsskole, slik som i mest alle skolekretsane. Elling Hansehaug, Lars Mørk og Ingebjørg Ulsaker var leiande personar i lekmannsmilljøet på denne tida.
Ungdomsforeningen i Hovet 1944
Ungdomsforeningen i Hovet 1944
Se originalbildet
Anne Nedremyr, som den tida heitte Anne Knutsen, fortell at det i åra rett før og under krigen var arrangert kristelege ungdomsstemne på omgang mellom bygdene i Hallingdal. Heilt til køyreforbodet under krigen stansa trafikken, reiste ungdommane frå Hovet i bilen til Arne Telnes. Det var ein kombinert bil med passasjersete og lasteplan. Dei kalla han ”Den raude bilen”. Slike turar sveisa ungdommane saman, og gav felles opplevingar med ungdommar i andre bygder.
I Hovet var det Indremisjonen som ”hadde makta”. Dei strenge pietistane ville helst hatt kontroll med kva vi ungdommen dreiv med, seier ei jente som budde i kretsen nokre år etter krigen. I anleggstida fekk folk i Hovet godt med pengar mellom hendene. Difor rekna misjonsorganisasjonane Hovet som eit ”godt beite”, seier speidarleiaren Marie Seim. Den eine organisasjonen etter den andre sende predikantar som hadde møte heile veka til endes.
Knut V. Seim
Knut V. Seim
Se originalbildet
I denne forkynninga var det alltid lagt meir vekt på omvendingsdagen enn dåpsdagen, seier Knut V. Seim, som har vore lærar i kretsen i ein mannsalder. Indremisjonsfolket i Hovet heldt også strengare på dei pietistiske formene enn misjonsfolket nede i hovudbugda i Hol. Jenter som brukte langbukser på ski, måtte alltid heim og skifte før dei kunne vise seg i ei kristeleg forsamling om ettermiddag.
Anders T. Moen stod på sida av den pietitiske kretsen. Han halla meir til den grundtvigianske retninga og kombinerte indremisjon og søndagsskole med kyrkjegang og frilynd ungdomsarbeid.
I 1949 begynte ein ingeniør ved kraftverket, Ludvig Johan Bakkevig, speidararbeid i Hovet, saman med Marie Seim. Det var mange ungar i Hovet då, ved slutten av anleggstida. Dei to speidarleiarane meinte det trongst eit barne- og ungdomsarbeid som kunne femne vidare enn det tradisjonelle indremisjonsarbeidet. Dei gamle indremisjonsleiarane møtte det nye arbeidet med ein viss skepsis. Bakkevig reiste etter eitt år. Marie Seim vart då åleine med arbeidet. Ho dreiv speidararbeid i Hovet i nær femti år.

Oppdatert Jul 24, 2003

 Utskriftsvennlig side Utskriftsvennlig side