Ein sorgsituasjon kjem ofte uventa. Midt i sorga skal gravferd og mange praktiske spørsmål avklarast og tilretteleggast. Smerte og savn etter den som er borte, blir ofte blanda med takksemd og ynskje om å få heidre den døde med ei verdig gravferd. |
|
Dødsfall i familien
Dødsfall skal alltid meldast til lensmannen på dødsstaden. Lege/sjukehus skriv ut dødsattest. Etter dødsfallet bør ein straks ta kontakt med prest/forstandar og/eller eit gravferdsbyrå for å få fastsett tidspunktet for gravferda eller bisettelsen. Byrået formidlar kontakt med involverte partar og hjelper til med dei fleste praktiske oppgåver knytta til båremottak og gravferd. Det er likevel ingen ting i vegen for at ein kan ta hand om desse oppgåvene sjølv. Kyrkjekontoret kan bistå. |
|
Til deg som skal ordne med gravferda
I samsvar med gravferdslova er det ein person som skal sørgje for gravferda. Familien/pårørande må bli samde om kven som skal vera ansvarleg. Rettleiing om kven som kan sørgje for gravferda, får du på kyrkjekontoret. Gravferdsbyrået vil fylle ut gravferdsmelding der oplysningar om m.a. ansvarleg person framgår. |
|
Gravferd eller kremasjon
Gravferdsbyrået, presten eller kyrkjeverja kan gje deg råd i valet mellom kremasjon og kistegravlegging. Person som er fylt 15 år kan ved skriftleg og datert erklæring ta avgjerd om kremasjon. Dersom det ikkje finst slik erklæring, kan den som sørger for gravferda likevel ta avgjerd om kremasjon, med mindre det er kjent at kremasjon var i strid med den døde si religiøse overtyding eller ynskje. Hol kommune har avtale med Ringerike krematorium. Ved kremasjon, er det vanleg å ha bisettelse her, før båra blir transportert til krematoriet. Fellesrådet dekkjer kremasjonsavgift og trygdekontoret dekkjer transportkostnaden (eigenandelen p.t. kr 1607,-). Urna blir teken vare på i krematoriet eller i den kommunen der gravlegging seinare skal skje, og blir ikkje utlevert til andre enn kyrkjeverja. |
|
Frist for gravlegging
Gravlegging må skje seinast 8 dagar etter dødsfallet. Etter kremasjon skal gravlegging skje seinast 6 månader etter dødsfallet. Pårørande kontaktar kyrkjeverja og avtalar tidspunkt for urnenedsetjing. |
|
Askespreiing
Ved endringar i gravferdslova av 4. mai 2001 er det vedteke endringar som gjer det enklare å få lov til å spreie aska. Personar kan nå søke om askespreiing for seg sjølv mens dei lever. For nærare informasjon kontakt kyrkjekontoret tlf. 32 09 69 30 eller skjermbrev: post@hol.kirker.net
|
|
Gravminne
Det er vanleg å sette opp eit gravminne på kvar gravstad (er ikkje krav om det). Ein bør ta seg god tid ved val av gravminne og kyrkjeverja skal godkjenne det før oppsetting. Gravansvarleg/-festar er ansvarleg for at gravminnet ikkje er i forfall. Gamle gravminner Når gamle familiegraver blir nytta om att blir gjerne det gamle gravminnet bytta ut med eit nytt. Ein bør vurdere om det gamle gravminnet kan nyttast. Steinen kan t.d. slipast ned og nye navn hoggast inn på nytt, det kan setjast på ei navneplate e.l. Ved å ta vare på ein del av dei eldre gravminna vil kyrkjegarden få eit mindre monotont preg, og ein tek vare på verdifull stil- og personhistorie. Kvalitet Gravminnet skal vere solid og tåle dei påkjenningar dei blir utsette for ved vanleg drift og vedlikehald av kyrkjegarden. Gravminnet skal sikrast med forskriftsmessig fundament og stålboltar som bind saman fundament og gravminne. Viser elles til forskriftene og vedtektene. |
|
Bed og pyntegjenstander
Tekst, nips, pyntegjenstandar Gravminnet kan utstyrast med tekst, symbol, dekor og fotografi. Alt skal vere sømeleg, og det namnet som blir sett på skal vere identisk med namnet på den som er gravlagt. Lykter, duer og anna pynt på gravminnet kan berre brukast når dei er like solide som sjølve gravminnet.
Blomsterbed: Kva er lov? Framfor gravminnet kan det opparbeidast eit plantefelt i høgde med bakken omkring,så breitt som gravminnet, og slik at det stikk maks. 60 cm. fram, målt frå baksida av gravminnet. Blomsterbedet kan rammast inn av ein delt natursteinskant som fluktar med terrenget omkring. |
|
Musikk til gravferd
Ved valg av musikk til gravferd er det godt å gi seg litt tid. Man prøver gjerne å finne musikk som danner en verdig musikalsk ramme om gravferden, og som betydde noe for avdøde. |