Hol kyrkje |
|
Hol kirke ligg i Hagafoss og vart innvigt i 1924 av biskop Johan Lunde. Kirken er teikna av arkitekt O. Stein, og enkelte element, for eksempel takryttaren, tårnet og runddelen mot aust minnar om gamlekyrkja i Hol sentrum. | |
|
Dei låge sideskipa minner om stavkyrkjene. Altarbiletet er måla av Hans Brusletto, og Hans Borgersen har skore ut detaljane av tre i preikestol, døypefont, korskranke og altartavle. I 1953 fekk kyrkja katedralglas med innfelte glasmålarstykke i vindaugo. | |
|
I kyrkja er det plass til om lag 500 menneske, og dei siste åra har kyrkja vore mykje i bruk til større konsertar og musikalske arrangement. |
|
|
|